– Venstre vil gje meir til kollektivtrafikken, auke støtta til klimateknologi, forsking og kunnskapsutvikling, motivere til læring i skulen og vi vil ha ei styrking av Forsvaret heime og av Ukraina sin heltemodige kamp for fridom og demokrati i Europa, seier Rotevatn.
Ein god sosial profil, som legg til rette for verdiskaping og grøn vekst
Han fortel vidare at med Venstres forslag vil skatte- og avgiftstrykket gå ned med omlag 5,5 milliardar kroner samanlikna med regjeringa sitt forslag. Venstres mål er eit skattesystem med ein god sosial profil, som legg til rette for verdiskaping og grøn vekst. Difor går Venstre imot regjeringa sine næringsfiendtlege hevingar av arbeidsgivaravgifta og utbyteskatten, sikrar elbilfordelane og føreslår eit langt grønare avgiftssystem for bil og aukar miljøavgiftene.
[…] meir kollektivtrafikken, auke støtta til klimateknologi, forsking og kunnskapsutvikling, motivere til læring i skulen og vi vil ha ei styrking av Forsvaret heime og av Ukraina sin heltemodige kamp for fridom og demokrati i Europa.
— Sveinung Rotevatn (nestleiar i Venstre og medlem av finanskomiteen i Stortinget)
Eit stort økonomisk løft for låginntektsfamiliar
– Venstre vil senke skattenivået for dei som har minst. Vi auker personfrådraget kraftig, og vil ha ein stor auke av barnetrygda, der denne blir gjort til skattbar inntekt. Det medfører eit stort økonomisk løft for låginntektsfamiliar og ein betre sosial profil i skattesystemet, meiner Sveinung Rotevatn
– Tydelege på kva for prioriteringar vi gjer
– Det er viktig for Venstre å vere tydelege på kva for prioriteringar vi gjer. Blant dei statlege utgiftene vi går inn for å senke, er utgiftene til kontantstøtte, CO2-kompensasjon til industrien, offentleg byråkrati (ABE-reforma), tilskot til kommunar og fylkeskommunar som vil dele seg opp og statlege bidrag til AFP-ordninga.
Styrke arbeidslinja og effektivisere statsforvaltninga
Vi foreslår også ei stor omlegging av sjukelønsordninga, der både arbeidsgivarar og arbeidstakarar får langt sterkare insentiv til å ta i bruk graderte sjukemeldingar, slik at færre ender opp i varig utanforskap. I sum bidreg slike endringar til å styrke arbeidslinja og effektivisere statsforvaltninga, fortel Rotevatn.
Hovudtal:
- Venstre omprioriterer omlag 23,3 mrd. kroner av regjeringas forslag til utgifter, og aukar samstundes statens inntekter med 1,4 mrd. kroner.
- Venstre prioriterer eigne satsingar på utgiftssida med 17,1 mrd kroner.
- Venstre reduserer skatter og avgifter med omlag 5,5 mrd kroner.
- Venstre bruker 2,1 mrd. oljekroner mindre enn regjeringa