Framover.

Venstres alternative statsbudsjett 2023

Eit ansvarleg og grønt budsjett som tar Noreg framover

Vi er inne i krevjande tider. Prisveksten er høg, renta på veg opp, energiprisane rystar næringsliv og familiar, og krigen i Ukraina skapar stor uvisse om framtida. Dette gjer jobben med statsbudsjettet mykje meir krevjande enn vanleg, men også mykje viktigare. 

I arbeidet med vårt alternative statsbudsjett, har det vore viktig for Venstre å få til to ting på ein gong: Eit ansvarleg budsjett som held renta nede og prisveksten under kontroll. Og samstundes eit budsjett som tar Noreg framover gjennom målretta investeringar i kunnskap og det grøne skiftet. 

For å få til dette har vi måtte gjere tøffe prioriteringar. Samanlikna med regjeringa sitt framlegg tar vi ned utgiftsauken på ulike område med 23,3 milliardar kroner. I overkant av 17 av desse milliardane omprioriterer vi til andre føremål. Det som får særleg prioritet hos oss er viktige klima- og miljøsatsingar, satsing på skule og utdanning, og auka bistand til Ukraina.

«I sum er Venstre sitt alternative budsjett eit budsjett som senkar skattane for folk og næringsliv, som prioriterer nødvendige investeringar i kunnskap og det grøne skiftet, som styrkar vår internasjonale solidaritet og som legg vekt på ansvarleg økonomisk styring i krevjande tider. Slik tar vi Noreg framover. »
 Sveinung Rotevatn
finanspolitisk talsperson i Venstre

Blant dei statlege utgiftene vi går inn for å senke, er utgiftene til kontantstøtte, CO2-kompensasjon til industrien, offentleg byråkrati (ABE-reforma), tilskot til kommunar og fylkeskommunar som vil dele seg opp og statlege bidrag til AFP-ordninga. Vi foreslår også ei stor omlegging av sjukelønsordninga, der både arbeidsgivarar og arbeidstakarar får langt sterkare incentiv til å ta i bruk graderte sjukemeldingar, slik at færre ender opp i varig utanforskap. I sum bidreg slike endringar til å styrke arbeidslinja og effektivisere statsforvaltninga.

Blant hovudprioriteringane våre på utgiftssida er styrking av kollektivtrafikken, støtte til klimateknologi, forsking og kunnskapsutvikling, motivering til læring i skulen og ei styrking av Forsvaret heime og av Ukraina sin heltemodige kamp for fridom og demokrati i Europa. 

Skatte- og avgiftstrykket vil med vårt forslag gå ned med om lag 6,2 milliardar kroner samanlikna med regjeringa sitt forslag. Denne forholdsvis moderate skattesenkinga i sum inkluderer likevel store interne omprioriteringar i skattesystemet. Vårt mål er eit skattesystem med ein god sosial profil, som legg til rette for verdiskaping og grøn vekst. Difor går vi imot regjeringa sine næringsfiendtlege hevingar av arbeidsgivaravgifta og utbyteskatten, vi sikrar elbilfordelane og føresler eit langt grønare avgiftssystem for bil, vi aukar miljøavgiftene og vi senkar skattenivået for dei som har minst. I tillegg føresler vi viktige strukturelle grep, som ein kraftig auke av barnetrygda, der denne blir gjort til skattbar inntekt. Det medfører eit stort økonomisk løft for låginntektsfamiliar og ein betre sosial profil i skattesystemet.

I sum er Venstre sitt alternative budsjett eit budsjett som senkar skattane for folk og næringsliv, som prioriterer nødvendige investeringar i kunnskap og det grøne skiftet, som styrkar vår internasjonale solidaritet og som legg vekt på ansvarleg økonomisk styring i krevjande tider. Slik tar vi Noreg framover.  

Sveinung Rotevatn
Nestleiar og finanspolitisk talsperson i Venstre

Dokument / Nedlasting

Arbeidet med Venstres alternative statsbudsjett er ferdigstilt på under en måned og vi har på denne relativt korte tiden laget et helhetlig alternativt opplegg til regjeringens forslag.

Som er lite parti har vi imidlertid begrenset med utredningskapasitet i forhold til både tid og de ressurser regjeringen har. Enkelte av forslagene våre har derfor en kostnadsside som er basert på anslag fra tilgjengelig offentlig informasjon, der hvor vi ikke har fått klare svar fra finansdepartementet eller andre departementer.

Vi er også innforstått med at enkelte av de tiltak vi foreslår må utredes nøyere og sendes på høring. Det er derfor ikke realistisk at de kan igangsettes allerede 1. januar 2023. På grunn av det sterke tidspresset vi har jobbet under kan feil og mangler dessverre forekomme i dette dokumentet.

I den grad slike vil bli funnet eller påpekt, vil dette bli rettet opp i det forslaget til budsjett som Venstre vil fremme ved Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2023. Når det gjelder tall og beregninger ble arbeidet med dette utkastet ble avsluttet fredag 9. november 2022. Eventuelle tilgjengelige tall og oppdateringer etter den tid er ikke med i dette dokumentet. 

Venstres alternative budsjett 2023 i nøkkeltall

  • Vi omprioriterer ca. 23,3 mrd, og øker statens inntekter med 1,4 mrd
  • Vi legger på forskjellige satsninger med 17,1 mrd.
  • Vi letter skatte- og avgiftstrykket med ca. 5,5 mrd. 
  • Totalt bruker vi i budsjettforslaget 2,1 mrd. kroner mindre enn regjeringen 
  • For fullstendig oversikt over kutt og omprioriteringer, satsinger, og skatt- og avgiftsendringer er tabellene i slutten av dokumentet stedet å lete. 
NØKKELTALL FOR VENSTRES ALTERNATIVE BUDSJETT 2023Mill. kr (bokført)
PÅPLUSSNINGER17 144,8
INNDEKNING/OMPRIORITERINGER-23 379,1
ØKTE INNTEKTER1 444,0
SUM ALLE SKATTE OG AVGIFTSENDRINGER-5 557,0
MINDRE OLJEPENGEBRUK-2 121,7
(Tabell 1)