Framtida er elektrisk! Venstre er pådrivar for elektrifisering av transportsektoren. Meir miljøvennlege fartøy, både på veg og til havs er avgjerande for å redusere utsleppa frå den største bidragsytaren til Noregs ikkje-kvotepliktige utslepp. Venstre vil oppretthalde sterke insitament som fremmer el- og nullutsleppsfartøy og sikre infrastruktur for elektrifisering. Heile landet skal ha tilgang på rask og effektiv ladestruktur, både langs vegane, i bygdene og i hamnene. Det må planleggast infrastruktur for energiforsyning, både frå elektrisitet og hydrogen.
I mange distrikt er fly eit naudsynt transportmiddel både for næringsliv og privatpersonar. Venstre er pådrivar for kortbanenettet om nokre år kan driftast med elektriske fly. I tillegg vil Venstre at avgiftsnivået for småfly skal reduserast, for å sikre eit godt tilbod for distrikta.
Venstre ynskjer óg å binde saman med høgfartsbaner mellom dei store byane. Moderne høgfartsbaner vil kunne gje eit betre og meir konkurransedyktig alternativ til store delar av dagens fly-, bil- og godstrafikk. Dei vil redusere reisetider så kraftig at avstandsulemper nærast blir oppheva, styrke norsk konkurranseevne, byggje landet og gje sterkare regionar med større bu-, arbeids- og kompetanseområde. Moderne baner utviklar heile strekningane, ikkje berre endepunkta slik som med flytransport.
Venstre vil ha eit moderne og effektivt kollektivtilbod i bygdene våre. Nyvinningar innan teknologi og ny kunnskap gjennom datainnsamling og reisevaneundersøkingar, må utnyttast betre for å gjere kollektivtrafikken meir attraktiv og kostnadseffektiv. Kollektivselskapa må utvikle nye tenester som i enda større grad møter behovet til kundane.
Venstre vil redusere mengda tungtransport på vegane. Meir gods må over på sjøtransport og jernbane. Utbygging, vedlikehald og forbetring av jernbanen må prioriterast, for å sikre at jernbanen er konkurransedyktig både for gods- og persontrafikk i heile landet. Venstre vil ha fleire vekslingsspor, lastepunkt for jernbane ved hamner og opprusting av norske hamner.