Levande bygder bygg på lokalt samhald og lokal identitet. Venstre vil sikre gode kår for frivilleg arbeid, og skape gode møteplassar med rom for aktivitet og kulturtilbod. Offentleg stønad til kultur gir meirverdi, og medfører ofte lokal verdiskaping. Venstre vil sikre gode leve- og oppvekstvilkår i heile Noreg, herunder eit barnevern med adekvat kompetanse og tilstrekkeleg kapasitet. Det må vere god tilgang til vidaregåande og høgare utdanning. Desentraliserte utdanningstilbod er viktige for både ungdom, for vaksne som treng etter- og vidareutdanning, og for å sikre distrikta viktig kompetanse. Det er óg eit overordna mål for distriktpolitikken at det skal vere eit attraktivt alternativ for ungdom og unge vaksne å flytte til bygda for å etablere seg der etter fullført utdanning.
Venstre meiner vi får betre demokrati gjennom å flytte makt og oppgåver frå stat til region og kommune. Vi ynskjer å flytte politisk makt nærare lokalsamfunn og borgarar. Slik får vi sterke regionar med stor sjølvstende. Vi vil ha sterke og levande bu- og arbeidsmarknadsregionar, med sterke sentra, eit variert arbeidstilbod, attraktivt teneste- og sørvistilbod og gode forbindelsar. Offentlege innkjøp må brukast aktivt for å skape lokale arbeidsplassar der lokal kompetanse og ressursar nyttast.
Norske kommunar er ulike. I regionar med mange små kommunar – og god infrastruktur – er føresetnadane for å slå saman kommunar gode. I andre område er avstandane store og samanslåing lite tenleg. Staten må ta noko omsyn til dette i arbeidet med standardar for kvalitet, dekningsgrad og kompetanse. Det trengs fleksible ordningar og gode digitale løysingar. Kommunane må finne tenlege samarbeidsformer for å sikre nok kompetanse.
Fleire større kommuneeiningar må framleis vere eit mål for Noreg. Venstre meiner det er svært viktig at Staten framleis stiller insentivmidlar og andre verkemiddel til rådes for kommunar som slår seg saman med nabokommunar.
Lokalsamfunn skal ha levande sentrum, der mange har korte avstandar og tilgang til gode kommunale og private tenester og tilbod. Vi vil ha liv i handlegatene våre, og knyte områder saman med gode sykkelvegar og eit moderne og attraktivt kollektivtilbod. Utviklinga av distrikts-Noreg skal funderast på ei heilskapleg areal- og samfunnsplanlegging, der sentrumsområda i bygdene tar hovudvekta av busetnaden. Dette sikrar jordvern og effektiv transport, og er viktig for å verne naturområde.
Mange distriktskommunar er prega av ei eldre befolkning. Kommunane må ha god nok økonomi til at dei kan gi gode tenester til eldre og andre som treng det. Stikkord er rehabilitering, slik at fleire kan vere i stand til å klare seg sjølv og bu heime lenger. Det skjer mykje positivt utviklingsarbeid i kommunane for å tilpasse tenestene til oppgåvene. Dette arbeidet må oppmuntrast.
Folk i distrikts-Noreg må ha tilgang til trygge helsetenester. Spesialisthelsetenestene bør desentraliserast slik at dei er tilgjengelege i nærmiljøa, så langt det er muleg og tenleg. Meir bruk av helseteknologi gjer det lettare å desentralisere, mellom anna ved å satse på medisinsk avstandsoppfølging, telemedisin, andre samhandlingløysingar og behandling heime hos pasientane. Eksempel på dette er heimedialyse.