Vinje Venstre
DEI VIKTIGASTE PRIORITERINGANE
Ombudsrolla på vegne av innbyggjarane er førande for arbeidet i kommunestyre og underutval. Venstre vil arbeide og samarbeide konstruktivt for å finne løysingar som kan gje gode og trygge levekår for alle.
- Kommunen har det daglege ansvaret for omsorg og gode tenester for barn og unge og for mange eldre.
- Kommunen har det daglege ansvaret for god tilgang på medisinske tenester ogøyeblikkeleg hjelp gjennom legevakta. I tillegg har kommunestyret som politisk oppdrag å arbeide for god ambulanse- teneste inkl. etablering av base for luftambulanse.
- Kommunestyret er arbeidsgjevar for fleire hundre tilsette. Deira interesser knytta til arbeidsvilkår og utvikling må ivaretakast.
Sikring av inntektsgrunnlager er avgjerande for nivået på tenestene til kommunen. Næringsutvikling og busetjingspolitikk gir grunnlag for skatteinntekter. Venstre støtter gründerar og lokale bedrifter innan alle bransjer. Inntektene frå kraftanlegg og -produksjon er under konstant press og treng overvaking og tett oppfylgjing.
VÅRT VERDIGRUNNLAG
Venstre er eit sosial-liberalt parti, ubunde av sosiale klasser og særinteresser. Målet er å skape eit samfunn med frie menneske. Fridommen heng nøye saman med ansvar som den einskilde har både for seg sjølv og for samfunnet. Dei som av ulike grunnar ikkje kan ta vare på seg sjølv, må få den hjelpa dei treng til å leve eit verdig liv.
Venstre vil at alle som bur i Vinje, skal kjenne at dei høyrer til eit felleskap, der dei saman med andre kan finne og forme sin eigen veg til til eit godt liv. Vinje skal ha levande bygdesamfunn som er opne for mangfald med rom for personleg fridom.
10 liberale prinsipp.
- Fridomen skal gjelde overalt, for alle
- Det personlege ansvaret er ufråvikeleg
- Alle har ansvar for kvarandre, for miljøet og for kommande generasjonar
- Verkeleg fridom føreset felleskap og rettferd
- Alle er likeverdige, men ingen er like
- Politikk skal fremje livskvalitet og menneskeleg vekst
- Politisk makt skal komme nedanfrå
- Makt skal spreiast og balanserast
- Den liberale staten er upartisk, sterk og avgrensa
- Liberalismen er optimistisk og alltid undervegs