I løpet av 70 dager skal Venstre besøke 700 kunnskapsinstitusjoner. Målsettinga er å få større innsikt i kvardagen til dei som jobbar innanfor kunnskapsfeltet kver dag.
Vi i Giske Venster har besøkt Giske Barneskule, Valderøy Ungdomsskule, Skjong Barneskule samt Høgskulen i Ålesund.
Venstre vil bruke desse opplysningane til å legge det viare grunnlaget for den nasjonale, regionale og kommunale kunnskapspolitikken vår.
Det er både lærerikt og inspirerande å møte dei som jobber i desse kunnskapsinstitusjonane, seier Fredrik Giske, som saman med Britt Dagny Nikolaisen har hatt ansvaret for kampanjen i Giske.