Født 1980 og bur på Åheim saman med kona Annie og 5 born.
Jobber som prosjektleiar i Mesta.
Elles er han ein aktiv person innan frivillig arbeid og meiner det er viktig å engasjere seg i ei lita bygd for å skape trivsel og aktivitet.
Han engasjerar meg i lokalpolitikk for å gje ei lita bygd, og bygdene i nærleiken, ei stemme. Det er viktig å vere tilstades der planar blir lagt og avgjerder blir tekne.
I politikken ynskjer han å arbeide for skulane og oppretthalde desse som i dag. Han ser barnehagane og skulane som avgjerande for å oppretthalde folketalet og skape vekst i bygdene. Legg ein ned en skule i ei bygd sluttar ungdomen å etablere seg, noko som igjen går ut over folketalet i heile Vanylven. Andre saker som betyr mykje for mhan er at Vanylven kommune skal ha ei god drift innan teknisk sektor, og at innbyggjarane skal ha gode tilbod. Næringsutvikling er og viktig for å skape vekst, og samferdsel like eins.
Venstre er han parti fordi det er eit godt miljøparti, eit godt skuleparti, eit godt kulturparti og eit godt næringsparti. Det gjer at vi kan skape eit samfunn med mykje friheit for kvar og ein, men også med ansvar for kvarandre.
Skal vi få folk til å etablere seg i Vanylven må dei ha en plass og busette seg. Han vil jobbe for tilrettelegging av fleire bustadtomter på Fiskå, «Kvia» i Syvde og Åheim sentrum.