Eg er i frå Vest-Finnmark, Nordkapp kommune.
Vi flytta til Eid i 1986.Eg er gift med Reidunn Strand. Tre vaksne born.
Eg har brei yrkeserfaring innan skuleverket, kommunalt, fylkeskommunalt og statleg som rektor, høgskulelektor, avdelingsleiar og pedagogisk-psykologisk rådgjevar.
Eg er tidlegare musikar og idrettsutøvar og har vore leiar for korps og idrettslag, Eg er no pensjonert, men driv som bonde og i det private næringsliv.
Eg er oppteken av barns oppvekstmiljø, kultur og næringsutvikling.