Vidar Pedersen, opphavleg sørlending som gjorde vestlending av seg for over 30 år sidan. Eg har budd på Valestrand dei siste 20 åra og budde der også ein periode tidleg på 90-talet. I alle desse åra har eg pendla til jobb i Bergen sentrum, der eg arbeider som avdelingsdirektør med ansvar for internasjonalt utdanningssamarbeid.
Venstre er partiet som set mennesket i sentrum. Den sosialliberale ideologien baserer seg på fridom for den einskilde, men denne fridomen må utøvast med ansvar for fellesskapen; berre slik kan vi skape eit godt samfunn. Venstre søkjer politiske løysingar til det beste for samfunnet og den einskilde. På Osterøy seier vi eit tydeleg ja til kommunesamanslåing nettopp fordi vi meiner det vil gjere Osterøy til ein betre plass å bu for alle. Venstre vil alltid setje menneska føre systemet, og held vi fram som no, er det dei svakaste som må betale prisen i form av manglande eller dårlege kommunale tenester.