Til innhold

Unni Fuglestad

Rogaland bør vera leiande i skiftet frå eit fossilt til fornybart samfunn.

Unni er leiar av Regional- og kultur- og næringsutvalget i Rogaland etter valet i 2023, ho har vore medlem av utvalet sidan 2019. I noværande periode er ho fast representant for Rogaland Venstres fylkestingsgruppe. Ho har tidlegare vore leiar i Time Venstre, og har tidlegare erfaring frå lokalpolitikken i Time og som 1.vara til fylkestinget.

Av politiske saker ho brenn for er trygg og god oppvekst for alle barn: det betyr at det må satsast på kvalitet i barnehagar og skular,på tidleg innsats og på innsats mot barnefattigdom. Alle barn fortener like moglegheiter!

Vidare vil ho arbeide for å utvikle grøne, gode lokalmiljø i heile Rogaland. Det trengs dobbeltspor, fleire bussar og sykkelvegar, og på togstasjonane må ein ha tilgang til trygg og tørr sykkelparkering. Jordvern er også viktig for Unni. «Me må ta vare på den viktigaste landbruksjorda og myrområda i landet», seier ho. Ei god utvikling av Rogaland «Eg vil vera med på å utvikle ein moderne, framtidsretta og miljøvennleg region, samtidig som vi tek vare på viktig historie og kulturminne».

Unni er gift og bur på Rossaland på Bryne. Ho arbeidar no som universitetslektor på Lesesenteret på UiS, men har også undervisningserfaring etter fleire år som lærar på Frøyland Ungdomsskule. Tidlegare har ho arbeidd som kulturhussjef på Storstova og som generalsekretær i Norges Bygdeungdomslag.