Sambuar med Ingeborg Koppen Hessevik, far til Trym (19) og Viljar (10) og Vårin (7)
Torstein er vår ordførarkandidat med brei og lang politisk erfaring.
Landsstyremedlem i Venstre
Sit i fylkestingsgruppa til Venstre og var 6.kandidat til fylkestingsvalet 2023.
Arbeider som adjunkt ved Stryn vidaregåande skule, koordinator Skule-næringsliv i Stryn Næringshage, sit i kommunestyret i Stryn og er leiar i inkluderingsutvalet. Torstein har vore leiar i ordførarnettverket til Venstre, og var i forrige periode varaordførar i Stryn.
Hobbyar: Aktiv innan idrett i ein mannsalder. Mellom anna vore leiar i Stryn fotball og Hardbagg idrettslag. Treskifestivalgeneral. Forfattar av Årringar og Ull innerst i sjela.
Politisk: Brenn for gode oppvekstvilkår gjennom både skule, barnehage og fritidsaktivitetar. Engasjert i Stryn si utvikling gjennom utvikling av arbeidsplassar, eit godt sentrum og tilrettelegging for busetnad i utkantane. Som politikar er Torstein løysingsorientert og har eit stort politisk nettverk. God til å søkje samarbeid for å få til best moglege løysingar.