Eg er 34 år gamal, sambuar og har 3 jenter (10 år og to på 7 år). Eg jobbar som teknologi- og utviklingsingeniør i Fjord1.
Eg bur i Dalen i ytre Bremanger.
Ønskjer å stå på Venstre si liste ved kommunevalet i Bremanger fordi den har dyktige kandidatar og fin spreiing i geografi, kjønn og alder. Valprogrammet er godt og har i seg mange av dei områda eg meiner er viktige for at Bremanger kommune i framtida skal kunne levere gode tilbod til sine innbyggjarar.
Mine hjertesaker er oppvekst og næringsliv.
Å lukkast med oppvekst handlar om at alle born og unge får bruke heile seg i gymsalar, badebasseng, sløydsalar, bilbliotek, skulekjøken og klasserom. For å oppnå det må vi ha god kompetanse i alle ledd i oppvekstsektoren; det må vere kontinuerleg fokus på brei rekruttering og treffande etterutdanningstilbod. Når saker blir for tunge å handtere i vanleg skulekvardag må vi ha eit kompetent støtteapparat klare til å yte bistand. Uteområda må vere tidsriktige og inspirere til leik, læring, samvære og trivsel.
Samstundes må vi ha eit levande næringsliv. Trafikk skapar trafikk, aktivitet skapar aktivitet. Naboen må heiast på og bedrifta framsnakkast. Lokale føretak må sjølvsagt levere på kvalitet og pris, men det er også lov å lukkast! Dei som vågar å prøve sjølve, skal bli møtt med rådgiving og oppstartshjelp der knoppskytinga finn stad. Vi må utnytte konkurransefortrinna i kommunen, og i fellesskap kontinuerleg forsøke å overvinne ulemper.