Eg 65 år, jobbar som fysioterapeut i Eid kommune. Gift, 3 vaksne barn. Oppvaksen i Rogaland, men har budd over 30 år på Nordfjordeid
Har tidlegare vore med i kommunal og fylkespolitikk; 16 år i kommunestyret og 4 år på fylkestinget
Viktige saker for meg: Utvikle området vi bur i til attraktive bu og arbeidsområder, jobbe for ei offensiv, smart og framtidsretta utvikling i høve til næringsliv og offentlege tenester, miljøvern og naturvern og kultur
Venstre er mitt parti fordi det er eit sentrumsparti som er oppteken av ein balansert politikk både lokalt og sentralt. Partiet har lange tradisjonar for å vere nytenkjande og offensive, oppteken av skule, gründerar, kultur og ikkje minst miljø/ naturvern.