Til innhold

Sissel Urke

Å vekse opp i Ål skal vere trygt og godt.

Sissel Urke

Sissel er 53 år, gift med Erlend og har 3 barn på 29, 27 og 23. Ho har budd på Ål sidan 1992, men er opprinnelig frå Sunnmøre.

Som lokalpolitikar er Sissel oppteke av:

  • at det skal løne seg å redusere klimagassutslepp
  • å ta vare på naturmangfaldet
  • god folkehelse og gode offentlege helsetenester
  • gode rammevilkår for det frivillige organisasjonslivet

Verv

Sissel representerer Venstre i Fylkestinget i Buskerud, og sit som leiar i Hovedutvalg for utdanningssektoren i Buskerud i inneverande periode. Ho har tidligare representert Venstre i tre periodar i kommunestyret i Ål, ein periode i Formannsskapet, og ein periode som leiar i Sektorutval for helse- og sosial.

Sissel har hatt ulike verv i Ål Venstre og Buskerud Venstre, og er no nestleiar i Ål Venstre og nestleiar i Viken Venstre. I tillegg er ho medlem i Venstrekvinnelaget.

Erfaring

Sissel er utdanna psykiatrisk sjukepleiar og Familieterapeut med arbeidsstad ved Ringerike Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk, avdeling Ål, med lokalisering ved Hallingdal Sjukestugu.

Tidlegare arbeidserfaring har Sissel primært i vaksenpsykiatrien, men ho har og arbeidd ved kirurgisk avdeling ved Sentralsykehuset i Sogn og Fjordane, som lærar i vidaregåande skule og i Bufetat (statlig barnevern).