Silje er kommunestyrerepresentant og Meland Venstre sin ordførarkandidat. Ho har vore eit tydeleg talerøyr for Venstre i kommunestyret i inneverande periode, og har vore fast møtande medlem i UDU. Ho er oppteken av at politikken skal vere open og ærleg. Ho er eit familiemenneske, og dette kjem til syne gjennom hennar engasjement i familiepolitikk og barnevern. Ho er også oppteken av at det skal vere breidde i idretten.