Eg bur på Nordfjordeid, er 52 år gammel, gift og har fire born. I løpet av min yrkeskarriere har eg arbeidd både i privat og offentleg sektor. Som utdannet Art Director, har eg erfaring med idé- og konseptutvikling med spesialisering innen visuell kommunikasjon. Til dagleg driv eg kommunikasjonsselskapet Pønske AS.
Fritida mi er dedikert til barn og ungdom i Sogn og Fjordane, hvor eg har vore styremedlem i over 20 år for Norges Fotballforbund Sogn og Fjordane. Likar også godt å spille bridge, saman med gode bridgevennar i Nordfjordeid Bridgeklubb. Eg er også interessert i kva ny teknologi kan gi oss – dette har resultert i at eg har vore med på å starte opp fleire gründerbedrifter i fylket.
Dette er fyrste gong eg stiller på ei liste for kommunevalet, og mitt mål er å vere ein god lyttar. Eg er ope for dialog og vil kommunisere klart og tydeleg, med eit språk som alle kan forstå. Som person er eg luøsningsorientert og søkar samarbeid for å oppnå dei beste løysningane.
I den komande kommunestyreperioden veit vi at det vil vere økonomiske utfordringar. Derfor er det ekstra viktig at vi har ein effektiv ressursforvaltning. Vi må identifisere og prioritere dei mest kritiske tenestene og behova i kommunen. Dette kan vi oppnå ved å jobbe saman, uavhengig av partitilhørighet, til beste for innbyggarane i kommunen.
Eg er klar til å gjere en innsats for fellesskapet, og yskjer mine politiske kollegaer lykke til med valet. Saman skal vi skape tryggleik og føreseielege rammer for våre innbyggare, verksemder og frivillige i kommunen.