Til innhold

Roger Nyborg

Gjennom utbygging av veg og bru vil vi komme nærare jobbar, sjukehus og andre tilbod vi ikkje har i Bremanger.

Eg heiter Roger Nyborg, er 44 år, gift og har tre barn.

Eg ynskjer å stå på Venstre si liste då eg meinar at dei har den beste politikken for Bremanger kommune sine innbyggjarar. Det er viktig for ein kommune som Bremanger å ha engasjerte kommunepolitikarar, og lista til Venstre er i så måte enkel å stille seg bak.

I tillegg til ein god politisk plattform, synest eg dei stiller med mange dyktige og engasjerte kandidatar frå heile kommunen. Det er ein spanande gjeng som jobbar godt saman.

Mine hjartesaker kunne vore mange, men skulle eg velge nokre må det bli samferdsel. Gjennom utbygging av veg og bru vil vi komme nærare jobbar, sjukehus og andre tilbod vi ikkje har i Bremanger.
Som lærar er det vanskeleg å komme utanom skule og oppvekst. Vi må levere kvalitet i barnehage og på skule. Vi må sikre oss trygge og gode arenaer for dei minste i kommunen. Det er dei som er framtida vår.