Hjartesaker:
Eg ynskjer at Askvoll kommune skal vere ein attraktiv plass å bu og leve. Det betyr for meg å ta vare på innbyggjarane våre, og velferda vi har i dag. Samstundes må vi legge tilrette for at unge som ynskjer å flytte heim att, har arbeidsplassar å komme til, og at det er barnehageplass til alle som treng det.
Det skal vere trygt og godt å vekse opp i Askvoll. Vi må difor jobbe for å behalde dei gode skulane og barnehagane vi har i kommunen i dag. Vi må ha eit godt kulturskuletilbod, og støtte opp om frivillige lag og organisasjonar.
Nærbutikken er naturlege samlingsplasser i lokalsamfunnet. Desse er det viktig å ta vare på. Eg seier nei til søndagsopne butikkar, fordi eg meiner det vil kunne føre til at fleire butikkar må legge ned.
Eg vil ilag med resten av Askvoll Venstre jobbe for å realisere Atløysambandet, og tunnel ved FV 609, Heilevang.
Eg seier JA til levande fjorder, NEI til gruvedumping! Vi må fortsette å jobbe aktivt for å hindre eit framtidig fjorddeponi i Førdefjorden. Den kampen er ikkje over!
Eg har tru på eit inkluderande fellesskap der alle er likeverdige. Eg ynskjer at Askvoll skal vere for alle. Vi er alle forskjellige, men som slagordet til Venstre seier, vi set ; Folk Først.