Pauline Vik Vestly har tidlegare vore gruppeleiar for Tysvær Venstre. Ho blei i tidleg alder engasjert i politikk, har i fleire år vore medlem av Unge Venstre og no også Venstre.
Ho er særleg oppteken av reine fjordar, redusert plastutslepp og ynskjer at Tysvær skal ha kjeldesortering i alle kommunale bygg.
Kollektivtilbodet på Haugalandet må også bli betre, busstilbodet må styrkast og 10-kronersbilletten Kolumbus har innførd som prøveprosjekt må vera eit fast tilbod.