37 år, bur i Hareid sentrum. Er innflyttar til bygda – vaks opp på Vestnes og kom via eit par byar til Hareid for knappe to år sidan.
Er utdanna til -og arbeidar som- elektro- og automasjonsingeniør.
Eg vil arbeide for:
- Å utvikle sentrum vidare – det er triveleg no, men kan bli betre!
- Styrke samarbeidet mellom kommunen og dei frivillege organisasjonane.
- Ein stabil skolestruktur til fordel for elevar så vel som lærarar.
- Å gjere Hareid til ein naturleg stad å slå seg ned for folk som ønskjer å etablere seg på Søre.