Til innhold

Merete Fjellheim

På 8. plass på lista vår har me Merete Fjellheim

Merete bur i Trodlahaugen. Eg er gift og har to barn og fire barnebarn.

Eg flytta til Stord i 1984 for å begynne på lærarhøgskulen og har etter fullført utdanning jobba i skulen i Stord og Bømlo kommune.

 

Kva som engasjerar deg Merete?

Eg har vald å stille til val og vera politisk engasjert fordi eg tenkjer at det er dugnad for fellesskap og demokrati som mange bør ta del i.

Eg har vald å stå på Venstre si liste fordi eg sympatiserer med partiet sitt verdigrunnlag og sin ideologi.

Vidare meiner eg at Venstre har sett viktige saker på dagsorden på lokalt og nasjonalt.

Dei viktigaste sakene for meg er barn og unge sine oppvekstmiljø, skule og utdanning, miljø og bærekraft.

 

Merete er 60 år og jobbar som rektor ved Moster Skule i Bømlo kommune.

– Eg er oppteken av barn og unge sine oppvekstvilkår og ein skule kor alle kan oppleve meistring og vekst.
Vidare er eg oppteken av at me legg til rette for ei bærekraftig utvikling der næringslivet tar eit stort ansvar for å legge til rette for dette.
Eg er og oppteken av eit multikulturelt mangfald.