Marta bur på Åheim, er fødd i 1985. Ho brenn for eit trygt og godt skule- og barnehagemiljø. Elles ynskjer ho:
- Gratis frukt og mjølk til borna i Vanylven.
- Heilårsopne basseng.
- Auka fokus på mobbing i skule og barnehage. Starte mobbeførebygging allereie i barnehage. Mobbing i sosiale media. Forelesingar til foreldre og barn.
- Støtteordning til barnehageborn i låginntektsfamiliar.
- Ha barne- og ungdomskule på Åheim og i Syvde.
- Sikre ambulansetenesta i Vanylven.
- Å betre busstilbodet i Vanylven.