Marius stiller til val som Ordførarakandidat for Venstre, samstundes som han stiller som 3. kandidat til fylkestingsvalet.
Marius Hellan Hindenes er 22. År gammal og har vakse opp på Åsgard, han gjekk på barne- og ungdomskule på Ostereidet og har ein stert tilknyting til heimstaden sin.
Marius er utdanna Helsefagarbeidar og arbeidar i heimetenesten, samtidig som han er svært engasjert i svært mykje.
Heilt sidan Ungdomskulen har det å ta eit samfunnsansvar og engasjere seg politisk vore viktig for Marius, han har alltid jobba for å betre tilboda i lokalmiljøet, spesielt for ungdommen.
Han har bakgrunn frå Ungdomsrådet i Lindås, ungdommens fylkesutval i Hordaland, og mykje meir. Marius har vore engasjert og jobba med saker lokalt som osterhallen og ny kunstgrasbane på Ostereidet. I kommunestyret har Marius som vara fått med seg eit samla kommunestyre på å løyve ekstra midlar til Ostereidet, og sikra dermed den nye trappa frå bana opp til idrettsbygget.
For Marius er idrett og friluftsliv viktig, han har vore engasjert i Eikanger Idrettslag, men for Marius er det viktig med gode tilbod til barn og unge i heile kommunen, idretten og frivilligheita er der utruleg viktig.
Marius stiller til val som Ordførarakandidat for Venstre, samstundes som han stiller som 3. kandidat til fylkestingsvalet.