Til innhold

Line Rotihaug

Eg er 24 år og er fødd og oppvaksen i Askvoll, og er førskulelærarstudtent i Bergen.

Å vakse opp i Askvoll har vore trygt og godt, men det er ingen automatikk i det. Det må kjempast for å kunne bevare og utvikle dei tilboda vi allereie har, samt skape nye, uavhengig om vi blir ein del av ein større kommune.

Eg ønskjer å kunne bu i Askvoll i framtida, her må vere jobbmoglegheiter, gode skular og barnehagar. Det er sjølvsagt viktig at kommunen tilbyr heile stillingar for dei som vil busetje seg her.

Ein kan alltid jobbe vidare med og gjere Askvoll kommune til ein endå betre plass for alle å bu i. Eg er også oppteken av ei god og verdig omsorg for eldre og andre som slit. Eg vil at dei eldre som bur heime skal få aktivitetstilbod på dagtid, der dei kan ha det sosialt og ete middag saman med dei som har fast plass på Askvollheimen.

Eg vil at politikarane saman med toppleiing og tilsette i skulane, skal arbeide aktivt og systematisk for godt læringsmiljø fritt for mobbing!

Hjartesaker:

  • Barnehageplassar
  • Heiltidsstillingar
  • Nei til søndagsopne butikkar
  • Atløysambandet og rassikring av FV 609
  • Breiband og mobile tenester
  • Ein rein Førdefjord
  • Attraktive bustadtomter
  • Gode fritidstilbod