Eg heiter Kariann Myklebust Fagerli, er 42 år og bur på øya Barmen i Stad Kommune, gift med
Håvar og har to born. Eg jobbar ved Måløy Vidaregånde skule som faglærar i Akvakultur. Eg har
tidlegare jobba som lærar ved Selje skule, samt vore dagleg leiar på eit setjefiskanlegg. På fritida
er eg interessert i bygdelagsarbeid, trekkspel,sau, litteratur, musikk og fotball.
Mi politiske erfaring strekk seg til å ha vore med å starte opp att Selje Venstre, og å vere leiar i
partiet i 8 år. Politikk har alltid interessert meg, og eg har eit stort samfunnsengasjement.
For meg er det viktig å sjå moglegheitene i den nye kommuna, legge til rette for nytt og allereie
etablerte næringsliv. Det skal vere mogleg å starte opp bedrifter, og halde bedrifter i gang i Stad
kommune. Ungdomen vil spele ei nøkkelrolle i Stad kommune, både dei som allereie er her og dei
som vil komme attende til kommuna. Vi må bygge kommuna rundt born og ungdom, og sikre dei
eit trygt og godt oppvekstmiljø, samt eit rikt miljø der dei kan utvikle seg vidare.
Motivasjonen min for å stille som kandidat for Stad Venstre, er at eg har tru på
ordførarkandidaten vår, Alfred Bjørlo, som vil jobbe for alle desse viktige sakene.