Eg er 80 år, og kom til Flatraket for 54 år sidan som lærar. Eg er gift med Ingunn, frå Vetrhus. Vi har 3 born og 5 borneborn.
Lengste tida som yrkesaktiv hadde eg i hjørnsteinbedrifta på Flatraket, A/S Fiskevegn, – siste åra som dagleg leiar.
Eg ha vore lokalpolitisk interessert «heile livet», og også fått med meg nokre år som aktiv politikar. Eg var medlem av kommunestyret og formannskapet i Selje i 10 år. Måtte tre ut midt i perioden då eg overtok stillinga som kommunekasserar. Eg var medlem av fylkestinget, fylkesutvalet og undervisningsutvalet i 4 år. Deretter var eg ei periode leiar av fylket sitt kontrollutval.
No er eg særleg oppteken av at vi framleis skal ha levande bygder over heile Stad kommune. Difor vil eg:
- sikre at barnehagane og skulane ikkje har trusselen om nedlegging hengande over seg framfor kvart budsjettmøte.
- syte for at det er byggeklare og attraktive bustadtomter i alle krinsane i kommunen.
- at utleigebustadar vert tilgjengelege også i bygder som ikkje har slik tradisjon.
- styrke satsinga på heimebasert omsorg og desentraliserte omsorgsbustadar.
- at vi aktivt legg betre til rette for lag og organisasjonar sitt arbeid, – særleg for barn, unge og pensjonistar.
- legge til rette for at små bedrifter skal kunne etablere seg i kommunen.