Eg heiter Jeanette Kristiansen Grotle, er 44 år gamal, gift med Roger og saman har vi tre born, ein gut som er 13 år, ei jente som er 12 år og ein gut som er 5 år. Vi bur på Igland i ytre Bremanger.
Eg stilte på Bremanger Venstre si liste første gong i 2019, då eg kjende på at tida var inne for å engasjere seg politisk for å kunne vere med å gjer ein innsats på nokre område som er viktige for Bremanger si framtid. Bremanger Venstre er det rette partiet for meg sidan partiet har fokus på mykje av det eg meinar er viktige saker for Bremanger, og at lista består av mange engasjerte og dyktige kandidatar med god spreiing i alder, kjønn og geografisk plassering i kommunen.
Folketalet går ned, og vi treng ei solid politisk styring som har fokus på kva som er viktig for at det skal vere meir aktuelt og attraktivt for folk å busette seg i Bremanger. Desentraliserte og fagleg gode tenester innan helse og oppvekst, samferdsle og næringspolitikk er viktige saker for meg.