Janne Elin jobbar som salskonsulent ved Hotel Alexandra i Loen, og har budd i Stryn sidan 1995.
Ho er leiar i Stryn Venstre, leiar i Vestland Venstrekvinnelag og styremedlem i Vestland Venstre.
Janne Elin var medlem i kontrollutvalet i Stryn 2018-2023, og er i valperioden 2023-2027 medlem av kommunestyret og formannskapet i Stryn, samt medlem i utval for samfunnsutvikling.
Ho er oppteken av skule, oppvekst, natur og miljø, og at folk skal ha fridom til å leve det livet dei ønskjer, men samtidig ha ansvar for fellesskapet og dei svake i samfunnet.
Ho ønskjer eit levande og pulserande lokalsamfunn med gode fritidstilbod og aktivitetar for alle, uansett føresetnader, økonomi og funksjonsnivå. Vi treng gode kollektivtilbod og tilrettelagde sentra og aktivitetar for folk med funksjonsnedsetjing og dei som er avhengige av rullestol.
Ho vil jobbe for at alle sjuke, eldre og demente i Stryn skal ha eit godt omsorgstilbod som gir god helse, trivsel og gode dagar så lenge som mogleg. Folk skal få hjelp til å kunne bu heime så lenge ein vil eller i eit nærområde der ein er kjende. Vi treng nok legar, sjukepleiarar, omsorgsarbeidarar og frivillige slik at vi er rusta for ei framtid med aukande tal eldre og demente.