Jan Halvard er fødd og oppvaksen på Blindheim i Sykkylven. Han arbeider som lærar ved Sykkylven ungdomsskule, og er naturlegvis difor svært oppteken av skulesaker og barn og unge sine oppvekstforhold i kommunen. Jan Halvard meiner skulen skal vere ein stad for personleg vekst og utvikling, og at dette set store krav til skuleiegar, kommunen, sine prioriteringar. Nye læremiddel er eit absolutt minstekrav om skulen skal oppfylle sitt samfunnsansvar.
Jan Halvard er glad i å ferdast i naturen, og er oppteken av at denne må bevarast. Det inneber ansvarleg samfunnsplanlegging, der også andre verdiar enn dei reint økonomiske må prioriterast høgt. Naturen skal brukast, men også bevarast og denne balansegangen blir avgjerande for ein kommune som vil satse på turisme og naturopplevingar i framtida. Jan Halvard er svært motivert for politisk arbeid i den komande valperioden. Han er grundig i arbeidet sitt og stiller med sterke og reflekterte argument når han er oppteken av ei sak.
-Visst skal naturen brukast, men den må også bevarast, meiner Holmøy. -God forvaltning av den fantastiske naturen rundt Sykkylven samtidig som vi tilrettelegg for ny opplevelsesbasert næring er ei hjartesak for meg. Eg håper sambygdingane vil gi meg ein sjanse til å påverke aktivt det politiske arbeidet i kommunestyret.