Til innhold

Hilde Klungreseth

Noko av det eg meinar er det viktigaste framover i Bremanger kommune, er å klare å snu trenden med nedgang i folketalet og å auke tilflyttinga.

Eg er 49 år, gift, har tre gutar på 13, 16 og 19 år, og bur på Grotle. Driv min eigen frisørsalong på Hauge og i Kalvåg.

Eg står på Venstre si liste fordi eg meiner dei har den beste distriktspolitikken, og fordi dei har svært dyktige og engasjerte kandidatar på lista si.

Det viktigaste framover blir å prøve å bremse nedgangen i folketalet, og prøve å snu den utviklinga som er i ferd med å skje. For å få til dette, er m.a. fokus på samferdsle og ein god næringspolitikk viktig. Og at det bør bli enklare for dei som er på jakt etter bolig eller hustomter i kommunen. Så må ein også fortsette å jobbe for gode vilkår innan helse og oppvekst.