Hans Endre Sæterøy er 53 år og bur på Harøya. Sæterøy har vore 2 periodar i kommunestyret i Sandøy, den siste perioden (2011-2015) som ordførar. Han er no aktuell som 6. kandidat for Ålesund Venstre.
Hjartesaker:
1. Arbeide for at vi må kunne ta heie kommunen i bruk.
2. Arbeide for at vi må tilrettelegge for at vi tek vare på mangfaldet i kommunen, spesielt gjennom å fremje kulturarbeid i alle delar av kommunen.
3. Gje gode tilhøve for kollektivtransport og for at det skal vere plass for syklistar og mjuke trafikkantar å ferdas trygt i trafikken.
4. Ønskjer å legge til rette for ein god skule på alle nivå der folk bur. Både grunnskule og vidaregåande/høgskule må styrkjast slik at elevar og studentar kan få eit godt og trygt læringsmiljø for framtida.
5. Arbeide for at flest mogleg kan få sine rettmesiisge tilbod der dei bur og ikkje måtte reise langt for å få sine nødvendige behov dekt.