Hjartesakene til Gunnar:
Godt tenestetilbod i kommunen:
- Full barnehagedekning som og har brukartilpassa opningstid.
- God og verdig omsorg.
- Desentraliserte, gode skular m.m.
- Meir satsing på næringsutvikling, vekst i arbeidsplassar.
Samferdsle:
- Halde trykk på slik at Atløysambandet vert realisert NO. Få rassikra FV 609 ved Heilevang.
- Breidband og mobildekning til heile kommunen. Forsere opprustning av kommunale vegar.
Gruvedrift og fjorddeponi:
- Eg og Venstre er positive til gruvedrift på Engebø, men avfall blanda med kjemikalier skal ikkje ned i Førdefjorden. Skal det vere gruvedrift skal det drivast på ein miljøvenleg og berekraftig måte. Vi støttar oss på fleire faginstansar som frårår fjorddeponi. Utbyggjar mangler fleire løyve, so saka er langt frå avgjort.