Eg likar å seie eg er nordfjording, født på Stadlandet og bur på Nordfjordeid. Eg har to born, og vart enke for 7 år sidan.
Som samfunnsplanleggar har det vore mykje planlegging og økonomi, dei fleste åra i Eid kommune. Men også fleire år hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Før eg vart pensjonist i fjor sommar, arbeidde eg dei siste åra med kulturarven vår i Stad kommune, og var med å etablere det regionale pilegrimssenteret Selje i Selje prestegard. Ein fantastisk spennande jobb på ein utruleg flott stad.
Eg har alltid vore samfunnsengasjert, og tenkjer at det er viktig at også pensjonistar har ei røyst i det offentlege rom. Eid kommune hadde slagordet Eid inviterer, og det er mitt ønskje at dette også skal gjeld for Stad kommune. Gode initiativ skal verdsettast, og alle skal bety like mykje. Som pensjonist er eg sjølvsagt oppteken av at dei eldre i kommunen får gode tenester, og at dei blir høyrde.
Elles er eg oppteken av at vi tek vare på kulturarven vår og utviklar denne som den ressursen den er i kommunen vår.
Venstre har tidlegare vore eit godt parti for Eid kommune, og eg håpar at det fortset slik i Stad kommune. Eg har stor tru på at Jon Frogner som ordførar kan føre denne gode arven vidare.