Eg er 41 år gammal og frå Ålfoten. Eg er psykolog og jobbar i psykisk helsevern for barn og unge (BUP). Gift med Lars Endre, vi har 3 barn.
Eg er glad i bygda mi og er engasjert i lokalsamfunnet. Eg ønskjer å bli ein del av kommunestyret fordi eg vil bidra til at Bremanger held fram med å vere ein god kommune å leve i.
I Bremanger har vi mange flotte lokalsamfunn omgjevne av vakker og storslått natur. Eg trur mange vil ønskje å busette seg her dersom vi klarer å leggje til rette for vekst og trivsel. Kommunen sin jobb vil vere å sørgje for at viktige premiss er på plass, slik som nærleik til teneste, god samferdsel og ein variert arbeidsmarknad.
Hjartesaker for meg:
-ein desentralisert skulestruktur
-gode helseteneste, der eg vil særlig lyfte fram barn og unge si psykiske helse
-miljøvern og berekraftig utvikling