Carola er busatt i Søvikdal på eit lite småbruk med dei tre jentene sine. Ho har utdanning som førskulelærar, spesialpedagog, lærar i norsk som andrespråk og jobbar til dagleg på Sykkylven opplæringssenter. Ho er ei sporty dame som du kan finne på fjelltoppar, på sjøen med SUP-brettet sitt eller i hallen med innebandykølle i handa.
Inkludering av barn, unge og vaksne, og innbyggarmedverknad er nokre av hjartesakene ho engasjerar seg mest i. Frivillig arbeid og engasjement i lokalsamfunnet er ho godt kjent for. “Det må vi gjere noko med!” er ein ofte brukt replikk av Carola når ho møter på utfordringar, anten det er jobb eller frivillig arbeid. Ho er oppvaksen i Leipzig i Tyskland og har heilt sidan ho flytta til Norge i 2004 vore over gjennomsnittet engasjert i lokalsamfunnet i Sykkylven. Ho er aktiv i Sykkylven Innebandyklubb både som spelar, keeper og trener for dei minste barna.
Carola er óg styremedlem i Redd Barna Sykkylven der ho engasjerer seg som frivillig i Språkkafé og leksehjelp for barn med flyktningbakgrunn. Å bli lokalpolitisk aktiv fall då naturleg for ho då ho blei medlem i Venstre i 2021. Carola er ei sprudlande og positiv dame med bein i nasa.
-Vi må jobbe meir aktivt for å inkludere alle grupper i befolkninga, også dei over 900 innbyggarar med innvandrarbakgrunn, i lokalpolitikken. Vi må gjere kommunepolitikken, som faktisk bestemmer ganske mykje over kvardagen vår, meir tilgjengeleg, seier Carola. -Eg meiner at vi må opne opp for meir medverknad frå heile befolkningsbreidda og bryte ned dei politiske prosessar på eit nivå som alle kan forstå og delta i, uansett språk- eller kulturbakgrunn. Vi har alle ulike utgangspunkt og behov, men vi vil alle det same; at Sykkylven skal vere ein trygg og god plass å bu på. Vi må ta med alle på reisa inn i framtida!