Til innhold

Camilla Elen Berg Larsen

Camilla Elen Berg Larsen (46) er 2. kandidat for Venstre

Camilla er Helsesjukepleiar, med pedagogikk-utdanning, gift, og har 3 born i tenårene. På fritida driv Camilla med birøkting, og engasjerar seg i politikken der ho er engasjert i psykisk helsa, kvinnehelse, oppvekst, natur og miljø og det grøne skiftet. Camilla er styremedlem i Friluftsrådet Vest, sentralstyremedlem i Venstrekvinnelaget og også Vestland Venstre sin 4. kandidat til Fylkestinget.

 

På 2. plass på lista er Camilla Berg Larsen. Ho er 46 år, og gift med Finn Johan. Saman har dei tre born på 9, 13 og 14 år. Camilla er utdanna helsesjukepleiar og lærar. Ho har to bachelorgradar og to vidareutdanningar. PPU praktisk pedagogisk utdanning bygd på sjukepleien og fordjuping innan helseførebyggande og helsefremmande arbeid. Ho har og ein bachelorgrad innan praktisk estetiske fag.

Camilla har lang erfaring med å jobba med born og ungdom. Mellom anna som helsesjukepleiar på barne- og ungdomsskule og dei siste åra på vidaregåande skule. Ho har vore tilsett i Stord kommune sidan 2008. Ho har vore sjukemeld ein periode pga ryggoperasjon, men er no på veg tilbake inn i arbeidslivet.

Camilla sitt spesialfelt er psykisk helse blant barn og unge, ho har eit stort pågangsmot og gir aldri opp. Og har starta ny hobby som birøktar. Ord til handling er hennar drivkraft.

Kva er du spesielt opptatt av?

Eg er opptatt av at lokalsamfunnet skal vere ein god og trygg plass å veksa opp. Med det meinar eg at born og unge treng trygge arenaer der dei kan føla meistring, bli sett og høyrd. Etter familien er skulen den viktigaste arenaen for born og unge. Læraren har ein viktig jobb. For å vere ein god lærar, må ein vere god på relasjonskompetanse og tenkja og sjå kvart enkelt born sin kvardag. Bli godt kjent med dei og bry seg om dei, då må klassestorleiken ned.

Eg brenn for respekt og likeverd. Livskraft og livsmot er viktige omgrep og berebjelken for eit framtidsretta samfunn. Me må tåla meir av livet, for livet er ikkje berre ein dans på roser. Me må gjer kvarandre gode og me må tåla andre sin medgang og motgang, og støtta kvarandre. Det gjer ein gjenom gjensidig respekt, klokskap og innsikt. Eit trygt, godt og inkluderande samfunn der alle kan føla seg ivaretatt sjølv om du er ung eller gammal, einsom eller sjuk. Eg ønskjer at småbarnsfamiliar som får ei ekstra utfordring i kvardagen pga sjukdom eller ulykke skal få praktisk bistand om ønskjeleg.

Til sist eg er opptatt av grøn berekraftig utvikling. Me må ta vare på naturen og me må tilrettelegga slik at folk lettare kan ta grøne val i framtida.

Derfor står eg på lista for Stord Venstre!