Berit Lyngstad er 2. kandidat for Ulstein Venstre. Berit er opphaveleg frå Nord-Trøndelag men flytta til Ulstein i 2002. Ho er utdanna sosiolog frå NTNU og jobbar i dag som personalleiar i Volda kommune. Berit har lang erfaring frå frivilig sektor, t.d sat ho 8 år i styret i Noregs Dykkarforbund, fire av dei som president. Berit sine hjartesaker er miljø- og naturvern, reint hav, dyrevelferd og gode oppvekstmiljø.