Teksten under er skriven som lesarinnlegg til media:
Det er ikkje mitt søppel, men mitt hav!
Opprydning har kostnadar
Frivillig opprydning av marin forsøpling er for meg og mange andre ein kjekk og besettande aktivitet,
men kjem fort med kostnadar for transport, utstyr og levering. Sidan 2017 har vi brukt utallige timar
til å rydde opp det andre har kasta eller «mista», og det gledelege er at vi ser ei markant forbetring
av etterslep på ting som har lege i naturen altfor lenge.
Heilt til i år har opprydninga vår i Plastfritt Hav vore finansiert over statsbudsjettet, og med Venstre i
regjering så var det godt med midlar og ei solid satsing. Når sitjande regjering krympar budsjetta fra
100 millionar til 70 millionar og no til 30 millionar, så seier det seg sjølv at gode tiltak plutseleg stend
på bar bakke. Berginga for Plastfritt Hav kom med ei tilleggsløyving fra Handelens Miljøfond på 50
millionar. Dei 300 tusen vi ber om årleg, gir god valuta for dei rundt 30 tonna vi plukkar kvart år.
Dessutan gjeng det store summar frå oss og til skuleelevar som jobbar dugnad ilag med foreldra sine
for å kunne ha midlar til å reise på skuletur med godt samvit. Eg kunne ha skrive side opp og side ned
med fordelane ei slik satsing har for både samhald, kvalitetstid med og mellom foreldre,
miljøbevisstheit og bort imot mobilfri sone, men nøye meg med å seie at det er ekstremt viktig for eit
reint lokalmiljø og gi ei solid dose frisk luft.
At Handelens Miljøfond er sett opp for å reduserer bruk av plastposar, er ironisk nok det som vil
kutte stramen av pengar til oss som driv med opprydning. Forslag fra EU er at vi alle skal redusere det
årlege plastposeforbruket til 40 posar/år, og i Noreg brukar kvar innbyggar heile 135 posar i året og
er nesten på verdstoppen. Med ei avgift på 1 kr inn til fondet for kvar pose vi brukar, ser vi fort at
også her vil vi oppleve ein reduksjon på 70 % i midlar disponible. I Sverige vart nettopp poseavgifta
sett opp til 3 kr/pose. Mitt håp er at vi fylgjer etter, og opprettheld inntektene til miljøfondet, for det
her er ei rettvis avgift der folk har eit sjølstendig val om å ta med pose i butikken, og dermed unngå
avgift i det heile.
Tomflaske og sunnmøringa
«Tomflaske og sunnmøringa finn du over alt» er eit kjend uttrykk, men at vi no finn eit aukande tal
boksar og flasker med pant, er eit solid teikn på at panten ikkje er høg nok. Kvifor pant på glassflasker
forsvann over natta er også til å undrast over, for problemet med glasbrot til skade for menneske og
dyr er og aukande. Og fleire bønder har hjerteskjerande historier om dyr som har fått magesekken
kutta opp av bokser som har blitt mala opp som knivar og som har blanda seg med graset. Med pant
som svir hugsar ein å levere tilbake alt, og om ikkje gir det i alle fall ei litt meir anstendig inntekt til
dei som ser verdi av å plukke opp etter andre.
Den som forureiner skal betale
Forbod, skattar og avgifter er ei heit potet i valkampen. Men i det her tilfellet gjeld det prinsippet om
at den som forureiner også skal betale. For det er greit å plukke søppel so lenge det gir dekning av
kostnadar. Og da ut i fra prinsippet at det gjeld gamle synder og at vi visste ikkje betre. Men no VEIT
vi at havet ikkje toler dette, og handlinga bør kome deretter.
Bente H Fiskerstrand
Leiar Plastfritt Hav
2. kandidat Giske Venstre