Eg bur på Hauge, er gift og har tre born. Eg arbeider som sivilarkitekt og pendlar dagleg til Bergen sentrum til arbeidsplassen. På fritida er eg engasjert i mykje og er aktiv i ulike lag og organisasjonar.
Eg ynskjer at Osterøy skal vere ein god plass å bu, der kommunen klarer å ivareta sine oppgåver. Særleg brenn eg for at skule og læringsmiljø skal ha god kvalitet både i innhald og i si fysiske utforming inne og ute.
Eg vil ha levende grender der det er trygt å bu og der næringslivet kan få utvikla seg med realistiske og forutsigbare rammer. Eg ynskjer ein kommune som tek miljø på alvor og beskyttar viktige naturområder.