Gift, født 1981. Er oppvaksen i Brandal og på Bigset, bur i Brandal.
Jobbar som kulturkonsulent i Ulstein kommune. Vart valt inn i kommunestyret som 21-åring.
Er også aktiv i frivillig arbeid, og mellom anna i Brandal Vel, Ishavsmuseet Aarvak og Brandalsdagane.
Er glad i dyr, og har vore aktiv i ridemiljøet i mange år.
Eg vil jobbe for:
- Eit godt tilbod for ungdomen, med tilsett ungdomsarbeidar.
- Førebyggande tiltak innan rus og psykiatri.
- Støtte opp om det viktige arbeidet som frivillige organisasjonar legg ned i Hareid.
- Tilgjengelege og attraktive tomter i alle krinsar.
- Legge til rette for allsidige aktivitetar for born og unge i alle krinsar.
- Sikre at kommunen leverer tenester av høg kvalitet til alle som bur i Hareid.