Etter studiar i Ålesund så flytta eg heim i 1992. Sidan har eg budd i Selje i lag med familien min. Eg er gift og har to vaksne søner. Eg ser på meg sjølv som positiv og omgjengeleg, og til dagleg jobbar eg som avdelingsleiar på Måløy vidaregåande skule. I jobben min har eg mellom anna ansvar for drift og utvikling av yrkesfaga Bygg og Teknologi- og industrifag ved skulen. Gode oppvekst- og opplæringsvilkår for born og unge er ei av hjertesakene mine. Dei siste 25 åra har eg jobba som leiar for ulike einingar i kommunal sektor.
I valperioden 2019-2023 har eg vore kommunestyrerepresentant, og fast medlem i Utvalet for kultur, næring, idrett og samfunn. Eg har også vore styremedlem i Stad Venstre. Vervet som kommunestyremedlem har lært meg mykje om den nye kommunen vår og lokaldemokratiske prossessar. Det har gjeve meg motivasjon til å halde fram i lokalpolitikken.
Innan samferdsle og tilrettelegging for nye arbeidsplassar har vi ein viktig jobb å gjere. Eg vil jobbe for ein levande og verdiskapande Stad kommune, med gode kommunale tenester til innbyggarane. Skal vi lykkast i å bringe Stad kommune framover er folketalsutvikling og nye arbeidsplassar viktigaste fokus. Å skape bulyst kombinert med ein framoverlent kommune som samarbeider med lokale initiativ vil vere viktige arbeidsmåtar for god utvikling av kommunen.
Eg er med i Venstre fordi jobbar for individuell fridom samstundes som fellesskapet er i vareteke, godt fokus på miljøet og næringslivet, innovasjonar og nye arbeidsplassar.
Eg meiner Jon Frogner er den beste ordførarkandidaten for Stad. Han er ein trivelig og engasjert person, som er flink til å sjå heilskapen i politiske saker.