Eg er Andrine Sleire Tistel, 24 år gammal. Eg flytta til Hovden i 2020, er opprinneleg fra Sleire i Masfjorden. Ved førre kommuneval stod eg på 3.plass på lista til Masfjorden Venstre.
Eg ynskjer at Gulen skal vere ein god stad å bu og vekse opp i, for folk i alle aldrar. For at dette skal vere mogleg, må me ha gode oppveksttilbod, god eldreomsorg og fagkompetanse i alle ledd. Eg ynskjer å ta vare på bygdene me har, derfor skal ikkje skule- og barnehagestrukturen i kommunen endrast i valperioden.
Har gjennom livet budd forskjellige stader i landet, og fått erfart og sett eit mangfald av aktivitetstilbod for både born og vaksne. Dette er noko eg vil jobbe vidare med i Gulen.
Me skal ta vare på den flotte naturen me har i Gulen, og Gulen Venstre seier derfor eit klart nei til vindmøller.