-
Venstre vil ta vare på naturmangfaldet
Ørsta Venstre vil:
-Etablere nasjonalpark i Sunnmørsalpane i Ørsta kommune
at ny nærings- og bustadutvikling helst skal skje ved fortetting av allereie utbygde område
-Ha fokus på arealrekneskap med eit mål om at kommunen skal bli arealnøytral
-Styrke fokus på klimabudsjett og -rekneskap
-Stille strenge klima- og miljøkrav i alle offentlege innkjøp
-At klimagevinsten i rehabilitering framfor riving alltid skal vurderast i kommunale eigedomsprosjekt
-Lage ein gjenbruksstrategi i kommunen som legg til rette for å kunne velje brukt framfor nytt i alle anskaffingar der det er mogleg.
-Samarbeide med lokalt næringsliv om å utvikle nye løysingar for bruk av overskotsenergi og biprodukt til nye næringar.
-
Venstre vil prioritere skule og opplæring
Ørsta Venstre vil:
-At elevane møter eit lag av lærarar, miljøarbeidarar, helsesjukepleiarar og andre dei kan stole på
-Vidareføre den kommunale LOS-tenesten
-Sjå til at kompetanseheving i skulen vert prioritert i Ørsta
-Sørge for at kommunen prioriterer auka lærarløn
-Arbeide for at den nye sentrumskulen skal vere ei sjølvstendig eining med eigen rektor og administrasjon. Borna i sentrum og utfordringane deira, må takast på alvor og få like vilkår som på bygdene.
-Arbeide for å realisere nytt basseng i Ørsta snarast. Symjeopplæring i skulen er viktig
-Etablere turnhall i den gamle Ørstahallen. På den måten slepp ein ta i bruk nye areal til eit slikt anlegg og det vert plassert der det naturleg høyrer heime.
-Arbeide for å skape alternative opplæringsarenaer.
-Etablere eit samarbeid med Ørsta sirkelhage med mål om oppstartpilot i løpet av 2024.
-
Omsorg og rett hjelp til alle som treng det
Ørsta Venstre vil:
-Sikre at kommunen har ein ungdomskontakt og eit godt lågterskeltilbod for ungdom som har psykiske plager.
-Bruke kommunepsykologane i det førebyggjande folkehelsearbeidet.
-At det på nettsidene til kommunen skal vere lett å få oversikt over tilgjengelege psykologars ventetid og spesialiseringsområde og kva rettar søkjaren har ved avslag.
-Sørgje for at det finst eit godt helsetilbod også under ferieavvikling.
-Jobbe for at alle som får utført tenester heime, skal få eit fast antal personar å forhalde seg til når dei treng det.
-Ha eit mangfald av buformer – mellom anna omsorgsbustader og bufellesskap – slik at ein kan få ein bustad som er tilpassa etter kor godt ein klarer seg sjølv.
-Satse på heimerehabilitering slik at eldre raskast mogleg kan komme tilbake i vanleg form etter sjukdom og skade.
-Stimulere til at fleire eldre tek ansvar for sin eigen busituasjon, og leggje til rette for nye typar bustader med meir fellesskap.
-
Eit levande lokalsamfunn
Ørsta Venstre vil:
-Støtte opp om samla kontorlokale til utleige for gründerar, næringsliv og frivillige for å oppfordre til deling av idear, nettverk og kunnskap.
-Etablere ein plan for berekraftig reiselivssatsing for kommunen
-Sikre eit godt og tilpassa rutetilbod på Hjørundfjorden
-Sikre god dialog og spele på lag med idrettslaga og frivilligheita
-Styrke tilbodet for born og unge, t.d. med ungdomsarbeidar som er tilgjengeleg utanom ordinær arbeidstid.
-Sikre eit godt innhald i det nye kulturhuset, inkludert seremonirom for dei som ikkje høyrer til i kyrkja
-Inkludere innvandrarane i større grad sosialt og politisk gjennom målretta tiltak.
-Legge til rette for leiligheiter for eldre i sentrumsområda i kommunen