Til innhold
4. kandidat Heidi Liadal, 1.kandidat Torstein Tvinnereim, 2.kandidat Janne Elin Alsaker, 3.kandidat Andreas Søndenå

Venstre tek Stryn framover!

Stryn Venstre - vi tek Stryn framover.

 

Stryn Venstre vil skape eit levande og berekraftig lokalsamfunn, der alle innbyggjarane får tilgang til gode tenester og nyte godt av lokal utvikling. Samtidig er vi bevisste på dei utfordringane vi står overfor i samfunnet, der natur- og klimakrisa krev kraftige tiltak for å verne om naturen og redusere klimautsleppa.

Vi ønskjer å skape eit inkluderande samfunn der alle har fridom og sjølvstende til å leve livet slik ein ønskjer, uavhengig av alder, kjønn, livssyn, funksjonsnivå, seksualitet og bakgrunn. Stryn Venstre ønskjer å skape gode oppvekstvilkår med gode barnehagar og skular og eit rikt og allsidig fritidstilbod i heile kommuen.

Som eit utålmodig parti ønskjer vi å ta Stryn vidare. Vi trur på ein fremtidsretta politikk som satsar på kunnskap og kompetanse, som tar klima- og naturkrisa på alvor, og som støttar små og store jobbskaparar i alle deler av kommunen.

 

Våre hjartesaker

  • Skule

    Barnehagar og skular skal ha nok ressursar til å gje borna våre eit trygt og motiverande oppvekstmiljø. Vi vil ha fleire helsesjukepleiarar, miljøarbeidarar og fagpersonar med kompetanse utanfor det reint pedagogiske, slik at lærarane får meir tid til å undervise, Vi vil ha kvalifiserte, motiverte lærarar med konkurransedyktig lønn, slik at elevane oppnår meistring, får motivasjon og ei god utdanning.

  • Samferdsle

    Samferdsle, gode kommunikasjonstilbod og trygge vegar er grunnleggande for vekst i heile kommunen. Vi ønskjer å legge til rette for at alle som har høve til det kan nytte gange, sykkel og kollektivtrafikk til sine kvardagsreiser, og kommunen må difor leggje til rette for dette.

  • Miljø

    Å ta vare på naturen er viktig for Stryn Venstre. Som nasjonalpark- og reiselivskommune er det viktig for Stryn å ha ein sterk miljøprofil.

  • Lokalt næringsliv

    Vi ønskjer at Stryn skal vere ein entreprenørkommune som aktivt legg til rette for nyetablering og utvikling av eksisterande arbeidsplassar.

Våre folk