Til innhold
Foto: Ellen Pedersen/Elizabeth Toft Erichsen, montasje Kari Østervold Toft

Øygarden Venstre

Venstre er det sosialliberale partiet i Øygarden. Me jobbar for eit tolerant og ope samfunn der folk er frie og kan vera seg sjølve. Venstre er eit utolmodig parti som vil ta Øygarden vidare. Venstre vil alltid framover, ikkje bakover! Derfor vil me prioritera skule og kunnskap, me vil bidra til å løysa klima- og naturkrisa, og me vil støtta opp om små og store jobbskaparar.

Borna er framtida vår!

  • Borna er framtida vår

    Vi må sikre at alle born har trygge og gode oppoppvekstvilkår; gode og motiverte lærarar og godt fungerande skulebygg.
    Lærarane og andre fagfolk som er tett på born, må lyttast til.
    Det seiest at ein god barndom varer heile livet.
    Barn treng omsorg og tryggleik.
    Dei treng å bli kjende med andre barn og forstå samspelet med andre menneske. Dei treng leik og glede. Dei treng å læra seg gode haldningar overfor seg sjølv og andre. Dei treng også kunnskap og motivasjon som gir dei høva til å utvikla si eiga framtid.
    Venstre trur på gode barnehagar og skular der fagfolk og foreldre har større fridom til å tilrettelegge og forme undervisninga rundt det kvart einskild barn og lokalmiljø treng.

  • Eit kunnskapsrikt, grønt og mangfaldig øysamfunn

    Venstre ser samanhengen mellom dei ulike utfordringane og moglegheitene i lokalsamfunnet. Målet vårt er å vera ein kommune i vekst, med gode vilkår for å bu og leva, heile livet.
    Øygarden skal vera ein føregangskommune for grøn næringsutvikling. Kunnskap skal utviklast gjennom heile livet og bidra til å løysa utfordringar me står overfor.

  • Klima, miljø og kollektivsatsing

    Øygarden er ein kommune med vill og vakker natur. Naturen har me arva, men me har også eit ansvar for å gi den vidare til dei neste generasjonane. Natur som er robust, men likevel sårbar. Sårbar for klimaendringar, forsøpling og utbygging.
    Naturen gir oss mykje me kan hausta, men skal forvaltast ansvarleg.

    Gong- og sykkelvegar til skulane må vere høgste prioritet. Det bør gå bussar så ofte at folk ser seg tente med å bruke kollektive løysingar.

Nyhetssaker

Flere nyheter

Våre folk