Til innhold
Foto: Irene Storøy

Folk først

Bremanger Venstre

Dei største utfordringane våre er knytt til folketal og demografisk utvikling, og det trengs solid politisk styring for å snu utviklinga. Bremanger Venstre skal vere ei tydeleg stemme der politikk vert utforma og vedtak fatta. Med engasjement, samarbeid, kreativitet og innsikt vil vi ta grep om utviklinga i heile kommunen!

Framtidsretta reguleringsplanar, samferdsle, infrastruktur og satsing på born og unge er viktige stikkord for auka næringsverksemd og busetnad. Samstundes skal vi ha gode tilbod for eldre, sjuke og pleietrengande.

Desentralisert tenestestruktur er ein styrke ved samfunnet vårt, som vi må marknadsføre og ta vare på.

Viktige saker for Bremanger Venstre

  • Miljø

    Vi skal ha ein klar klima- og miljøprofil på kommunal drift, tenesteyting og planverk.

    Naturverdiar og kulturminne må prioriterast og takast vare på.

    Areal regulert til nye bustader i nærleiken av bygdesentera er eit viktig bidrag for ein enklare og meir miljøvenleg kvardagslogistikk.

    Rehabilitering, gjenbruk og energieffektivisering av eksisterande bygningar er god miljøpolitikk. Dette må gjenspeglast i kommunale vedlikehaldsbudsjett og stønadsordningar.

  • Helse og omsorg

    Vi vil ha to helsesenter i kommunen også iframtida. Nærleik til legekontor og helsestasjon er viktig for tryggleik og trivsel.

    Vi vil styrkje førebyggande og oppfølgande tiltak innan rus og psykisk helse.

    Vi vil gjere Bremanger til ein føregangskommune når det gjeld tilgang på og bruk av det siste nye innan teknologisk utstyr på helsesentera og sjukeheimane våre. Slik kan vi gjere kvardagen enklare for både helsepersonell og pasient, gje moglegheit for raskare og meir presis diagnostikk, og redusere behovet for oppmøte på sjukehus.

    Vi vil halde fram kampen for ei ambulanseteneste med kort responstid i alle delar av kommunen.

  • Bustadpolitikk

    Kommunen må ta ei aktiv rolle i bustadpolitikken. Gjennom dialog, kreativitet og samarbeid med private kan kommunen bidra til å få realisert nye bustadfelt og byggeprosjekt av større omfang, som rekkjehus, leilegheitsbygg og liknande.

    Kommunen bør ha gjennomgangsleilegheiter å tilby nytilsette for ein periode.

  • Skule og oppvekst

    Ein desentralisert skule- og barnehagestruktur er viktig for å sikre utvikling og vere attraktive for tilflytting.

    Kvalitet må stå sentralt: Barnehagar, skulebygg og basseng må haldast ved like, og skulane må ha gode læremiddel, dataverktøy og fasilitetar for praktiske fag. Alle oppvekstsenter skal ha gode uteområde.

    Dei unge er framtida! Vi ønskjer fleire møteplassar for ungdom.

  • Næring

    Vi skal vere gode støttespelarar for næringslivet, og legge til rette for utvikling og etablering av nye arbeidsplassar gjennom oppdaterte reguleringsplanar, og gjennom å vere lyttande, imøtekomande og løysingsorienterte.

  • Samferdsle

    Vi må ha kontinuerleg fokus på samferdsletiltak: Gode og effektive vegar er heilt nødvendig for å skape ein større bu- og arbeidsmarknad. Båt-, ferje-og bussruter må gjere det lettvint å pendle til jobb og skule.

  • Kultur

    Vi skal ha eit godt kulturskuletilbod og støtte opp om lag og organisasjonar. Eit rikt kultur- og idrettstilbod gjev auka bulyst og positive ringverknader for lokalt næringsliv.

Nyhende

Flere nyheter

Våre folk