Til innhold

Venstre tek Austevoll framover

Austevoll Venstre

Austevoll Venstre ønsker at me skal ha ein god og trygg kommune å bu i for alle. Me ønsker oss at alle som bur og vil bu her føle seg som ein del av Austevollsamfunnet. Me vil skapa ein meir tolerant kommune. Alle skal ha rett til rein og fin natur. Me vil og satse på at Austevoll framleis skal ha stor gründeraktivitet. Alle skal få gode omsorgstilbod når ein treng det. Ein god skule og gode fritidsaktivitetar er grunnpilarane for at barn og unge skal trivast i ein kvar kommune.

Fokusområdar

  • Samferdsel

    Det er viktig at ein jobbar vidare med Austevolls pakka. Utbetringar av vegen må skje på ein slik måte at det blir tatt omsyn til landbruk, natur og hustandar som ligg nære vegen.
    Venstre vil vera ein sterk pådrivar for betre ferjeforbindelse til og ifrå kommunen. Her må vi få på plass ei nattferje. Dette er eit langt viktigare arbeid enn å prøva å få Austevoll landfast.
    Arbeidet med å få lågare pris på hurtigbåtar må oppretthaldast.
    Det må leggast til rette for at brukarar blir høyrt når nye rutetilbod på buss skal utarbeidast.

  • Miljø

    Austevoll Venstre vil at alle kommunale bygg skal ha miljøvenleg oppvarming, ved for eksempel å bruka varmepumper. Austevoll kommune må og vurdere om det kan investerast i bruk av solcellepanel. Venstre er skeptisk til at det skal byggast fleire store vindmølleparkar på land og me vil vera ein pådrivar for at det skal byggast vindparkar offshore. Dette vil føra ny berekraftig industri, men det skal takast omsyn til fiskeriinteresser.

    Venstre vil og, at det skal opprettast fleire verneområde for hummar i Austevoll kommune.

  • Skule

    Vi må prioritere kvalitet i skulen. Eit mål får Austevoll Venstre er å auke ressursane til lærartimar.

    Austevoll Venstre vil og jobba forgode læremidlar i Austevolls skulen.

    Fokuset på nettvett må aukast i skulenog dette må inn i undervissinga allereieifrå første klasse.

    I ungdomskulen vil me ha eit program,der dei mest skuleleie elvane kan fåpratisk undervising i bedrift.