Til innhold
F.v. Endre Vollsund (Ordførerkandidat), Tone Byberg (2.kandidat), Sondre Undheim Lokøy (3.kandidat), Foto: Venstre

Venstre tek Time framover

Time

Som representantar for Time Venstre vil me arbeida for å gjera Time grønare, me vil satsa på sykkel i sentrum og ha fleire bussar. Time skal vera ein god kommune å vaksa opp og bu i, derfor satsar me på skule og oppvekst, på velferd og aktiv fritid. Det skal vera lett å skapa nye arbeidsplassar, og me skal verna om matjorda på Jæren.

Venstre set menneske framfor systemet. Vår politikk byggjer på sosialliberale verdiar, som foreinar fridom for den enkelte med ansvar for fellesskapet og kvarandre.

Me er representert i kommunestyret, og tar gjerne i mot innspel på saker du er opptatt av. Sjå kven som sitt i kommunestyregruppa her. I fylkestingsgruppa sit Unni Fuglestad frå Time.

Vil du vera med i Venstre? Bli medlem!

Våre folk