Volda Venstre
Venstre er eit sosial-liberalt sentrumsparti som vil vektlegge miljø, folkestyre og aktive, livskraftige lokalsamfunn. Vi vil arbeide for å sikre både levande bygder og eit sterkt sentrum i Volda kommune.
Venstre set mennesket i sentrum: det sosialt engasjerte, det skapande og det kritisk tenkande mennesket.
Venstre trur på skaparkraft, frivillig innsats, dugnadsånd og lokalt sjølvstyre for å skape eit godt samfunn. Vi vil sikre gode offentlege tenester i heile kommunen, og satse aktivt på skule-, kultur- og næringsutvikling.