Til innhold

Grøne og levande lokalsamfunn

Sykkylven Venstre

Sykkylven Venstre er stolte over å kunne presentere toppkandidatane sine som er samansett av ein ung, dynamisk og folkenær gjeng. Med fire kumulerte kandidatar står vi klare til å gi Sykkylven kommune eit løft. Til saman har vi 15 listekandidatar med ulike bakgrunnar frå både det private og det offentlege, også to med innvandrarbakgrunn. Alle er på sitt vis samfunnsengasjerte med hjarte som bankar for Sykkylven som ein attraktiv kommune med mykje potensiale.

Sykkylven Venstre er eit parti som er genuint opptatt av bygda og innbyggarane sine. Vi ser framover, ser moglegheiter framfor begrensningar, er “open minded” og rause. Sykkylven Venstre er på lag med folket, og lokalprogrammet vårt er gjennomsyra av trivsel og bulyst for alle grupper i Sykkylven.

Som grønt parti er vi óg opptatte av å føre kommunen i ei meir klima- og miljøbevisst retning som kan gi både folk og næring eit framtidsretta livsgrunnlag. Med våre toppkandidatar har vi fått inn mykje friskt blod i lokallagsgruppa og det brenn i fingrane deira etter å kunne engasjere seg politisk i Sykkylven dei neste fire åra.

1.Kandidat Carola Herrmann (1982). Ho blei samrøystes valt som Sykkylven Venstre sin ordførarkandidat på nominasjonsmøtet i februar.
2.Kandidat Leif Kjetil Lorentzen (1980). Ein av Sykkylven Venstre sine noverande kommunestyrerepresentantar, som også fekk full dekning av nominasjonsmøtet til å stille til nye fire år.
3.Kandidat Karina Brunstad Fet (1995). Med bakgrunn i Unge Venstre, kjem ho inn med friskt mot til å kunne representere Sykkylven Ventre politisk i kommunestyret dei neste fire år.
4.Kandidat Jan Halvard Holmøy (1977). Han vil sette fokus på naturvern og skulepolitikk i Sykkylven kommune i komande valperiode.

https://www.facebook.com/SykkylvenV/

 

Bli med på laget

Dette vil vi jobbe for i Sykkylven dei neste fire åra

  • Klima- og miljøvenleg kommune

    For oss er det viktig at Sykkylven kommune bidreg i klimadugnaden der dei kan og at våre folkevalde går inn for at kommunen tar bærekraftige og grøne val der dei kan. Svært mange verkemiddel for å ta vare på meir natur ligg hos kommunen gjennom arealpolitikken dei fører. Sykkylven Venstre vil ta vare på meir natur lokalt, med mellom anna meir skånsame utbyggingar på Fjellsætra og styrka arealpolitikk som hindrer unødvendig nedbygging av naturareal og tap av biologisk mangfald. Dette betyr ikkje at Sykkylven Venstre vil stanse utviklinga av kommunen og næringslivet, men vi må sørgje for at utvikling og verdiskaping ikkje går ut over naturen.

  • Skule og oppvekst

    Sykkylven Venstre satsar på eleven og læraren. Alle elevar har ulike føresetnader, interesser og behov. Vi meiner det er avgjerande at vi skaper ein skule som tek omsyn til at vi alle er ulike, men like verdifulle. Sykkylven Venstre sitt førebilete er ein grunnskule som ser alle elevar, og som evnar å tilby meistring og læringsglede for alle. Vi vil at alle elevar skal få ut sitt fulle læringspotensiale.
    Levesetta til unge familiar er i endring og det er behov for SFO-ordningar og barnehagar i kommunen som kan tilby utvida opningstid og ferieopne dagar. Sykkylven Venstre vil styrke dette tilbodet då det vil ha stor ringverknad i høve til unge familiar si moglegheit til å kunne arbeide og busetje seg i kommunen.

  • Levande lokalsamfunn - Bulyst

    Fleire skal velje Sykkylven som si heimekommune. Vi vil sikre at Sykkylven skal vere ein attraktiv stad å bu og etablere seg i, men også ein stad å kunne leve eit godt liv til langt opp i alder ved å sikre gode tenester til ein kvar livsfase. Sykkylven Venstre vil ha eit levande lokalsamfunn som inkluderer alle og sørgjer for at dei blir sett og høyrt – uavhengig av alder, kjønn, livssyn, funksjonsnivå, seksualitet og bakgrunn.

  • Næringslivvenleg kommune - Gründeraktivitet og skaparglede

    Vi skal vere ein ja-kommune med raud løpar-filosofi. Dei som vil starte eller utvide verksemd, dei skal vi heie på.
    Framtida sitt næringsliv er grønt, nyskapande og kreativt. Vi treng ein kommune som yt god service og legg opp til gode, stabile og langsiktige rammevilkår for næringsverksemd. Venstre vil at næringspolitikken skal vere moderne og næringsnøytral, og legge til rette for eit seriøst og lønsamt næringsliv.
    Venstre ønskjer at Sykkylven kommune skal stå fram som eit godt førebilete i vala sine og si daglege drift.

  • Lokaldemokratiet - Openheit, synlegheit og medverknad

    Eit sterkt og levande lokaldemokrati er viktig for Sykkylven Venstre då det gir innbyggjarane moglegheit til å påverke kommunen si utvikling. Makt og påverknad skal kome nedanfrå. For at folk skal ta del, må dei politiske prosessane vere meir inkluderande, meir transparente og lettare tilgjengelege for folk flest. Beslutningar skal i størst mogleg grad vere prega av openheit og medverknad.

  • Kultur, idrett og frivilligheit - Det som samlar oss

    Det lokale kultur-, idretts- og frivilliglivet må sikrast gode vilkår og det må leggjast til rette for eit mangfald i tilbodet. Sykkylven Venstre vil arbeide for eit godt og variert tilbod, som er tilgjengeleg for alle. Frivillig arbeid er av stor verdi for både lokalsamfunnet og den enkelte. Alle bør få muligheita til å delta i frivillig arbeid. Difor er det viktig for oss at det skal vere enkelt å vere frivillig og at frivilligheita har ei sterk rolle i lokalsamfunnet. I frivilliheita ligg der eit stort potensiale til å fylle ut der kommunale tenester ikkje når fram, og vi meiner difor det er viktig for kommunen å ha eit tettare samarbeid med frivilligheita enn det som er i dag.

  • Omsorg til alle som treng det

    Eit trygt og nært helsetilbod av høg kvalitet er viktig for at alle skal ha fridom og høve til å delta i samfunnet. For at alle skal kunne leve eit godt og sjølvstendig liv lengre, må samfunnet førebyggje meir innanfor både psykisk og fysisk helse. Tidleg innsats og meir inkludering kan bidra til å forhindre utanforskap og setje fleire i stand til å delta i samfunnet på like premissar. Tilbodet til personar som slit med psykiske helseplagar og lidingar, er ikkje godt nok. Venstre vil jobbe for å sikre rask og god psykisk helsehjelp, utvide lågterskeltilbodet og styrkje ettervernet. Venstre vil føre ein helsepolitikk som sikrar alle tilgang til eit godt helsetilbod, uavhengig av språkferdigheiter, alder, inntektsnivå eller kva ressursar dei pårørande har.

Nyhendesaker

Flere nyheter